100 000 KRONER FRÅ EQUINOR


Aure IL er tildelt 100 000 kr i pengegåve frå Equinor

I vår la Equinor ut dette i søknadsportalen sin:

"Samhold og inkludering" er tema for denne perioden
Det betyr at vi kommer til å prioritere de søknadene som fremhever hvordan midlene kan brukes i prosjekter og tiltak som fremmer samhold og inkludering. I etterkant av pandemien ser vi at dette betyr mer enn noensinne, og vi håper at vi får inn mange søknader til tiltak som kan bidra til bedre samhold og mer inkludering. Vi håper at de tildelingene vil gir i denne perioden vil glede tusenvis av mennesker over hele landet.

Vi i hovudstyret i Aure IL skreiv ein søknad der vi viste til kva Aure IL gjer for Aure-samfunnet med tanke på å skape betre samhald og inkludering. Ein av grunnpilarane til Aure IL er låg inngangsterskel og aktivitet for alle. Vi har aktivitetar for både unge og meir vaksne, og ikkje minst så ønskjer vi at det skal vere rimeleg å delta  på aktivitetar i regi Aure IL.

Dette vart lagt merke til, og i gårkveld kom fabrikksjef ved Equinor Tjeldbergodden, Lena Skogly, til Aure stadion og overrekte prisen på kr 100 000,-

Tusen takk, vi lovar å bruke pengane godt i det vidare arbeidet med stor aktivitet, samhald og inkludering i Aure IL og Aure-samfunnet!